Tenester

Revisjon

Hovden & Vatne utfører både lovpålagt revisjon og andre avtalte kontrollhandlingar. Som revisor har vi ei rolle som ekstern og uavhengig kontrollør av økonomisk informasjon, slik at dei ulike brukarane skal kunne ha tillit til den informasjon ei verksemd gir frå seg. Hovden & Vatne er med å setje ein høg etisk standard i bransjen og legg også vekt på å vere fleksible og yte ein ekstra service overfor våre kundar.

Attestasjonsoppgåver

Hovden & Vatne utfører ei rekke forskjellege attestasjonsoppdrag for kundar som ønskjer at ein uavhengig part skal stadfeste informasjon. Vi kan blant anna tilby:

  • Stadfesting av prosjektrekneskap eller annan økonomisk informasjon i samband med utbetaling av offentleg stønad
  • Attestasjon av kompensasjon for meirverdiavgift for kommunar, fylkeskommunar, barnehagar, mfl.
  • Attestasjon av fôrrekneskap i oppdrettsbransjen
  • Attestasjon av forsikringsselskap
  • Attestasjonar i samband med lønstilskot frå NAV eller andre
  • Stadfesting av at kontraktvilkår er haldne (i dei tilfella der dette kan relaterast til rekneskapsmessige eller økonomiske tilhøve)
  • Attestasjonar overfor forretningskjeder o.a.



Skatte- og avgiftsrådgiving

Hovden & Vatne har dei seinare åra opplevd ein kraftig auke i etterspurnaden av rådgivingstenester. Reglane innan skatte- og avgiftsfeltet er under stadig endring, og kan til dels vere svært kompliserte. Vi har difor satsa på å bygge opp spesialkompetanse på dette området, slik vi kan framstå som ein komplett tilbydar av revisjons- og rådgivingstenester for våre kundar. Ved spesielt vanskelege problemstillingar eller område som er perifere i forhold til vår praksis har vi godt samarbeid med advokatkontor og andre spesialistar.

Rekneskapsrådgiving

Hovden & Vatne kan vere ein god støttespelar for rekneskapsavdelingar og eksterne rekneskapsførarar. Enten som særskilt oppdrag eller som del av revisjonsprosessen kan vi kome med forslag til endringar i rekneskapsmessige eller økonomiske rutinar. Målet kan vere å registrere og unngå moglege feilkjelder, oppnå betre effektivitet eller betre rapporteringa til styrande organ.

I samband med årsoppgjeret kan vi tilby teknisk rekneskapsavslutning med oppsetting av offisiell årsrekneskap og korresponderande likningsoppgåver. Dette er ikkje klassifisert som bokføringsoppdrag og er såleis ei teneste som vi også kan utføre for revisjonskundar.

Nyetablering

I det ein skal starte opp ei ny verksemd er det mange tilhøve ein må ta stilling til. Hovden & Vatne kan i denne prosessen blant anna gi bistand innan:

Val av selskapsform
Risikovurderingar
Krav til skipingsdokument og registrering
Rekneskapsopplegg og krav til dokumentasjon
Finansieringsspørsmål
Informere om sentrale lover knytt til rekneskap og selskapslovgiving
Skatt og avgiftsområdet
Formalkrav elles, knytt til drifta av ei verksemd

Omstrukturering

Når vesentlege endringar skjer eksternt, er det dei som hurtigast kan omstille og tilpasse seg endringane som har størst sjanse til å lukkast. Hovden & Vatne har lang erfaring som rådgivar, koordinator og tilretteleggjar innan følgjande emne:

Eigenkapitaltransaksjonar
Emisjonar
Nedsetting av innskoten kapital
Partielle likvidasjonar
Fusjonar: Både forenkla mor-/dotterfusjonar og fusjonar der det blir ytt vederlag
Fisjonar
Fisjonsfusjonar: Fisjon til eksisterande selskap
Skiping av selskap
Omdanning av selskap
Oppløysing av selskap

Andre oppdrag

Hovden & Vatne har kompetanse innan problemstillingar knytt til generasjonsskifte og verdivurderingar, samt due dilligenceoppdrag. Vi tek også på oss arbeid for konkursbu, frå mindre avgrensa kontrolloppdrag til meir omfattande bugjennomgongar.